fredag 27. november 2009

MAUREN!



det ser ut til at mauren som blei henta frå Loddefjord var meir klar for å gå i dvale i tua enn å komme i maurakvariet mitt. Som du kan sjå på bildene er det blitt gjort veldig lite graving(Eg har laga begynelsen for dei). I tilleg til at det berre er ein igjen, som lev. får sjå om dei er meir villige til å leva og grava når me kjem til våren. Får henta nokre nye når våren kjem.

torsdag 12. november 2009

Nytt spel med kjekk musikk

Bruk skift til å lage ein ven. spring du spring venen du lager. Dukkar du så dukkar venen din og andre vener kan hoppa bukk over han. står du stilt står venen din stilt.
Spelet er i botn for å ikkje dekka andre ting på bloggen. spelet er merka med spill 3. Husk å sette på musikken!!!!!

lørdag 7. november 2009

MAUR!


Fekk maur akvarium til bursdagen min:) (litt forsinka)
I dag var eg ute med Henning i Loddefjord
og fanga maur til akvariet. Håper dei
finn seg til rette i sin nye heim.

torsdag 22. oktober 2009

Nye tannkoster


Nye tannkoster til guttane i Nygårdsgaten. Min æ den mest manndige(den rosa). Bilde av bil på Jonas sin.

torsdag 21. mai 2009

Bra spill

Eg har kome over to spill som eg synes er veldig avslappende og har god musikk. Dei blei lagde nederst på sida for at dei skulle få plass, men eg vil anbefala å prøva dei.

tirsdag 24. mars 2009

Sesilåmi

Til helga er det Sesilåmi. Håper på å stille for andre år på rad. Målet for dette året er som i fjor, å komme i mål. Høyrte rykte på skulen om at det kunne bli rekord mange påmelde i år viss det vart meld fint vær. Det hadde jo vore kult. Sidan det berre er 5 dagar til kjem nervene, dei kjende "sesilåmi nervene". Kjenne at eg grue meg te det. Kjenner at kroppen ikkje huskar kor langt 5,2 mil er. det kjem til å bli beintøft for min del å berre koma i mål. Innerst inne så gleder eg meg òg, trur eg såg 2 kongeørner i fjor, det var fint, har ikkje høyrt om at nokre andre såg dei men det er sikkert fordi dei fleste andre hadde gått forbi den staden fleire timar før ørnene viste seg. Håpar det ikkje blir så langt etter i år.
:)

tirsdag 17. mars 2009

Sist helg

Lenge si eg har skrive noko nå. (igjen). Så eg kan skriva at i helga var eg på Søndagsskule konferanse i frøyland/Orstad kyrkja. Det var bra oppleg. Sue Miller frå Willow var der og ein som heite Mark Holmen. Han hadde spennade og inspirerande sesjonar, det same gjeld for Miller. Var og på to semina. Det eine omhandla Barn og åndelig vekst, mens det andre handla om korleis få kontakt og korleis drive med arbeid med 10-14 åringar. Likte nok best det som hadde med 10-14 åringar fordi eg synes ungdomsarbeid er viktig, men det andre var og lærerikt.

Neste helg er det Thailand Teamtur Weekend, så det blei ennå ei helg med undervisning og forberedelsar til turen som ligg føre oss. Det er jo alltid kjekt å kome tilbake til babben.

Gjorde dykk noko spesielt i helga eller skal dykk gjera noko spanande neste helg?